Utbetalingsdatoar

Ein valperiode varer i fire år, og det er nok å søke om statstilskot éin gang per valperiode. Det er likevel slik at partia kvart år må logge inn og bekrefte partiopplysningane for å få utbetalt statstilskotet.

Statstilskotet til eit parti vert utbetalt éin gang i året. Dato for utbetaling avheng av når det vart søkt om partistøtte/når partiopplysningane vart bekrefta.

Hovudutbetalinga av partistøtte er 10. mars. Det vil sei at parti som søker eller bekreftar opplysningar innan denne datoen, får utbetalt tilskotet om lag ti dagar seinare.

Parti som søker om statstilskot eller bekreftar partiopplysningar etter 10. mars, får tilskotet utbetalt etter følgande datoar:

  • 1. juli
  • 20. september
  • 15. november

Pengane vil vere på partilagets konto om lag ti dager seinere.