Facebook | Twitter Skriv ut

Rapportere valgkampbidrag

Det er tillatt for alle å gje bidrag til politiske parti og partiledd med dei avgrensingar som følgjer av partiloven § 17 a. I valår har partia ei særskilt plikt til å rapportere til SSB om bidrag over 10 000 kroner som er mottatt i perioden 1. januar og fram til fredag før valdagen.

Bidrag gitt under valkamp ( frå no av «valkampbidrag») er alle bidrag i form av pengar, varer eller tenester gitt til politiske parti og partiledd i ovannemde tidsrom frå privatpersonar, kommersielle føretak, arbeidslivsorganisasjonar og andre organisasjonar, foreiningar og/eller andre ikkje-offentleg eigde aktørar (givarar). Dette gjeld og om bidraget blir gitt regelmessig etter avtale – til dømes «partiskatt» eller månadsbidrag mv frå eigne medlemmar. Motivet for å gje bidrag har heller ikkje noko betyding etter lova.

Partia og partiledda må rapportere om bidrag i valår berre dersom

  • bidraget/a er mottekne mellom 1. januar og siste fredag før valdagen i eit valår
  • eit eller fleire bidrag frå ein og same bidragsytar overstig 10 000 kroner til saman

Merk særskilt at

  • definisjon av «bidrag» omfattar pengar, varer, tenester, lån, rabattar og sponsing
  • det/dei kan vere gitt av privatpersonar, kommersielle føretak, arbeidslivsorganisasjonar og andre organisasjonar, foreiningar og/eller andre ikkje-offentleg eigde aktørar (givarar)
  • lån på ikkje-kommersielle vilkår blir óg rekna som rapporteringspliktige valkampbidrag (sjå nærare om dette under definisjon av valkampbidrag)
  • overføringar frå eigen partiorganisasjon der givar er omfatta av partiloven, reknast ikkje som valkampbidrag. Bidrag gitt til dømes av folkevalde grupper (i Storting, fylkesting eller kommunestyre) blir rekna som valkampbidrag
  • Det er forbode å ta i mot anonyme bidrag, bidrag frå utanlandske givarar eller bidrag fra rettssubjekt under kontroll av Staten eller annan myndigheit

 

Partiet eller partileddet skal rapportere inn slik støtte seinast fire veker etter at bidraget vart mottatt. Bidrag som er mottatt etter 9. august 2019, skal rapporterast seinast innan 6. september 2019.
Dersom partiet får fleire bidrag frå same bidragsytar, må partiet oppdatere den samla summen etter kvart.

 

Slik rapporterer du valkampbidrag

Valkampbidrag skal rapporterast ved hjelp av skjema RA-0720 i Altinn.

Logg deg inn på www.partiportalen.no og vel rolle for det partiledd du skal rapportere for. Vel  «bidrag i valår» frå menyen, og finn  lenka til Altinn-skjema RA-0720. Du opnar rapporteringskjemaet ved å trykke «Til rapporteringsskjema»

Pass også på at du har klar parti-ID for partiet eller partileddet du skal rapportere for før du startar rapporteringa. Parti-ID står over toppmenyen i Partiportalen.

Sjå rettleiinga for å rapportere valkampbidrag, bokmål eller nynorsk, om du ynskjer hjelp for å leite opp skjema, fylle det ut og sende det inn.

Kort tid etter du har rapportert valkampbidrag, vil Statistisk sentralbyrå be deg stadfeste at opplysningane er rette. Deretter blir opplysningane gjort tilgjengelege på nettstaden www.partifinansiering.no.

Heimel

Heimel for denne plikta er partiloven §§ 18 fjerde ledd. Sjå óg § 19 andre til fjerde ledd, samt partilovforskriften §§ 2-1.

 


Gå til:

Publisert: 16.12.2016 Sist endra: 07.01.2019