Facebook| Twitter Skriv ut

Søknad om partistøtte for åra 2016 til 2019

Dei politiske partia kan søkje om statstilskot for perioden 2016 til 2019 i Partiportalen frå 5. januar 2016. Vi tilrår at partia søkjer om statstilskot i tida 5. januar til 13. mars 2016.

Etter kommune- og fylkesvalget 2015 er det ein ny fireårsperiode der kommune- og fylkespartia og fylkesungdomsorganisasjonane kan søkje om statstilskot. Partiportalen er klargjort for dette frå 5. januar 2016.

NB: Partiportalen er ikkje oppdatert med tal stemmer og tal mandat for partia frå valet 2015. Dette kjem på plass i månadsskiftet januar/februar 2016, men partiledda kan likevel søkje om tilskot.

Har du spørsmål om statstilskot til politiske parti, kontaktar du Fylkesmannen i fylket ditt.

Publisert 22.12.2015 Sist endra 22.12.2015