Informasjonsmøte for politiske parti
Politiske parti over heile landet blir invitert til informasjonsmøte om statleg partistøtte og rapportering. Partia kan velje mellom møte i Alta, Tromsø, Trondheim, Bergen, Stavanger, Kristiansand og Oslo.
Alle registrerte politiske parti, inklusiv tilhøyrande ungdomsorganisasjonar på fylkes- og landsplan, kan søkje om statstilskot til politiske parti. Partia søkjer elektronisk via partistøtteportalen. Dei regionale møta om partistøtte er eit samarbeid mellom Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Statistisk sentralbyrå, Partilovnemnda og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
Målgruppe for informasjonsmøtet er kommune- og fylkesparti, sentrale parti og ungdomsorganisasjonar på fylkes- og landsplan. Også felleslister som søkjer støtte kan møte.
Sakliste for møtet:
- Åpning og velkommen ved Statistisk sentralbyrå (SSB)
- Innledning ved Kommunal- og moderniseringsdepartementet
- Rapportering i 2017 (årets erfaringer, rapport for 2016, valgkampbidrag 2017) ved SSB
- Lunsj
- Søknad om og utbetaling av statstilskot ved Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
- Partilovnemndas arbeid, oppsummering for 2015 og kva skjer i 2016 ved Partilovnemnda
- Avslutning og oppsummering ved SSB
Arrangørane legg opp til at deltakarane kan stille spørsmål, eller ta opp tema som er viktige sett frå partia si side.
Tid og stad:
Dato |
Møtestad |
9. november | Alta Thon Hotel Alta, Fogdebakken 6 |
10. november | Tromsø Clarion Hotel With, Sjøgata 35-37 |
11. november | Trondheim Scandic Nidelven, Havnegata 1-3 |
22. november | Bergen Clarion Hotel Bergen Airport, Flyplassvegen 551, Blomsterdalen |
23. november | Stavanger Scandic Stavanger Park, Prestegårdsbakken 1 |
24. november | Kristiansand Clarion Hotel Ernst, Rådhusgata 2 |
25. november | Oslo SSB, Akersveien 26 |
Alle møta startar kl 10.00 og sluttar ca. kl 14.00. Det vert servert lunsj.
Vi ser gjerne at partia sender møtedeltakarar som kan rettleie vidare på ulike nivå i partiorganisasjonen sin. Reisekostnader må partia dekke sjølve. Vi ber om påmelding via elektronisk skjema innan 21. oktober.
Påmeldinga er no stengt.
Ta kontakt på fmsfpolitiskeparti@fylkesmannen.no for endring av påmelding.
Publisert 16.08.2016 Sist endra 05.09.2016