Facebook| Twitter Skriv ut

Ny nettside for Partifinansiering.no

Statistisk sentralbyrå (SSB) lanserer i samarbeid med Kommunal- og moderniseringsdepartementet ein ny og utbetra versjon av nettsida Partifinansiering.no

Nettsida syner korleis alle politiske parti i Norge finansierast. Brukarar vil i tillegg kunne sjå detaljar over kostnader og eigedelar som partia har, og kven som er viktige bidragsytarar til partia.

Den nye nettsida skal vere enklare å søke i, filtrere og sortere, med fleire moglege måtar og eksportere data på.

SSB har ansvar for å samanstille opplysningane frå partia og gjere informasjonen elektronisk tilgjengeleg for publikum. Nettsida er utvikla av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. KMD er eigar.

Publisert 18.09.2018 Sist endra 18.09.2018