Informasjonsmøte for politiske parti
Politiske parti over heile landet blir invitert til informasjonsmøte om partiloven og tilhøyrande forvaltningsapparat. Partia kan velje mellom møte i Kristiansand, Trondheim, Tromsø eller Oslo.
Alle registrerte politiske parti, sentralt og på fylkes- og kommunenivå og tilhøyrande ungdomsorganisasjonar kan søkje om statstilskot. Partia søkjer elektronisk via partiportalen. Alle parti og partiledd har plikt til årleg å sende inn økonomirapport til Statistisk sentralbyrå (SSB). Dette skjer best via partiportalen. I valår er det ei særskilt plikt til løpande å rapportere bidrag motteke fram til og med siste fredag før valdagen.
Målet med dei regionale møta er å gi rettleiing om innhald og dei tekniske løysingane, som er etablert for at parti og partiledd kan ivareta sine rettar og oppfylle plikter etter partilova. Det er ei klar målsetjing å få innspel og synspunkt direkte frå partia om korleis dette systemet kan gjerast så effektiv og enkelt som mogleg. Det blir informert om aktuelle saker som angår partia.
KMD har i samarbeid med Fylkesmennenes fellesadministrasjon (FMFA), SSB og FMVL starta eit IKT-prosjekt for å utvikle eit regnskapssystem som fritt skal kunne
nyttast av alle parti og partiledd. Målsetjinga er bl.a å gjere regnskapsføringa, bokføringa og innberetninga etter partiloven meir effektiv
Desse møta er eit samarbeid mellom Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD), SSB, Partilovnemnda (PLN) og Fylkesmannen i Vestland (FMVL).
Deltaking, inkludert lunsj, er gratis. Det kan gjerne komme fleire frå eit einskild parti til kvart møte. Partia dekker sjølv reisekostnader.
Vi legg opp til at informasjonsmøtet i Oslo blir streama. Det vert lagt ut lenke til møtet på partiportalen.no i forkant av møtet, og det vert lagt ut opptak av møtet på partiportalen.no i etterkant.
Vi ønskjer alle hjarteleg velkommen!
Følgande tema vert omtalt på møtet:
- Partilova
- IKT-prosjekt for forenkling av oppgaveplikta
- Kommune- og regionsreform
- Innrapportering 2018
- Økonomirapporteringsskjema
- Partiportalen.no
- Søknad om utbetaling av statstilskot
- Partilovnemndas arbeid
Nærmare program vil bli lagt ut seinare.
Vi legg opp til at deltakarane kan stille spørsmål eller ta opp tema som er viktige for partia.
Tid og Stad
Dato | Møtestad |
5. november | Kristiansand Scandic Bystanda - Øvre Strandgate 74 |
6. november | Trondheim Britannia Hotel - Dronningens gate 5 |
7. november | Tromsø Clarion Hotel The Edge - Kaigata 6 |
8. november | Oslo Auditoriet R5 - Akersgata 59 |
Alle møta starter 10.00 og sluttar klokka 14.00.
Elektronisk påmelding innan 20. oktober
Spørsmål kring informasjonsmøta sendast til fmsfpolitiskeparti@fylkesmannen.no.
Publisert 23.08.2019 Sist endra 27.08.2019