Facebook| Twitter Skriv ut

Informasjonsmøte for politiske parti

Politiske parti over heile landet blir invitert til informasjonsmøte om statleg partistøtte, innrapportering og lovverket som gjeld for partia. Partia kan velje mellom møte i Bergen, Trondheim, Tromsø eller Oslo.

Alle registrerte politiske parti, sentralt og på fylkes- og kommunenivå og tilhøyrande ungdomsorganisasjonar kan søkje om statstilskot. Partia søkjer elektronisk via partiportalen. Alle parti og partiledd har plikt til årleg å sende inn økonomirapport til Statistisk sentralbyrå (SSB). Dette skjer best via partiportalen. I valår er det ei særskilt plikt til løpande å rapportere bidrag motteke fram til og med siste fredag før valdagen.

Målet med dei regionale møta er å gi rettleiing om innhald og dei tekniske løysingane, som er etablert for at parti og partiledd kan ivareta sine rettar og oppfylle plikter etter partilova. Det er ei klar målsetjing å få innspel og synspunkt direkte frå partia om korleis dette systemet kan gjerast så effektiv og enkelt som mogeleg. Det vil bli informert om aktuelle saker som angår partia.

Desse møta er eit samarbeid mellom Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD), SSB, Partilovnemnda (PLN) og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane (FMSF).

Deltaking, inkludert lunsj, er gratis. Det kan gjerne komme fleire frå eit einskild parti til kvart møte. Partia dekker sjølv reisekostnader.

Nytt av året er at informasjonsmøtet i Oslo også blir streama. Det vert lagt ut lenke til møtet på partiportalen.no i forkant av møtet, og det vert lagt ut opptak av møtet på partiportalen.no i etterkant.

Vi ønskjer alle hjarteleg velkommen!

Følgande tema vert omtalt på møtet:

  • Partilova
  • Vallova
  • Kommune- og regionsreform
  • Innrapportering 2017
  • Planlagt justering av økonomirapporteringsskjema
  • Partiportalen.no
  • Søknad om utbetaling av statstilskot
  • Partilovnemndas arbeid
  • Ny partifinansiering.no

Nærmare program vil bli lagt ut seinare.

Vi legg opp til at deltakarane kan stille spørsmål eller ta opp tema som er viktige for partia.

Tid og stad:

Dato Møtestad
6. november Bergen Scandic Byparken, Christiesgate 5-7
7. november Trondheim Scandic Nidelven, Havnegata 1-3
8. november Tromsø Scandic Ishavshotel, Fredrik Langesgate 2
9. november Oslo Auditoriet R5, Akersgata 59

 

Alle møta startar kl 10.00 og sluttar ca. kl 14.00.

Elektronisk påmelding innan 20. oktober.

Spørsmål kring informasjonsmøta sendast til fmsfpolitiskeparti@fylkesmannen.no.

 

Påmeldingsskjema:
(ikkje bruk merknadsfeltet til ekstra påmelding, bruk påmeldingsskjema)

Publisert 20.08.2018 Sist endra 20.08.2018

Velg tid og stad *