Facebook | Twitter Skriv ut

Aktuelle spørsmål

Her finn du svar på nokre aktuelle spørsmåla om statstilskot til politiske parti ved kommunesamanslåing.

Kommunesamanslåing er planlagt, men når kan partiledda slå seg saman?

Partistøtte til nye parti etter kommunesamanslåing

Vanlege spørsmål knytta til samanslåing av partiledd:

  • Vil samanslåing føre til endring i utbetaling av partistøtte?

Nei, utbetalinga er den samme. Einaste endring er at partistøtta vert utbetalt samla.

  • Har større medlemstal påverknad på partistøtta?

Nei. Støtta reknast ut frå valresultat ved siste kommunestyre- og fylkestingsval.

  • Når vert partistøtta utbetalt?

Den vert utbetalt som tidlegare: Første utbetaling i mars, og vidare utbetaling i juli, september og november for dei som ikkje rakk første frist for utbetaling.

  • Korleis slå saman partiledda i partiportalen?

Følg videorettleiaren som er laga - link

  • Partiet er ikkje representert i (eine) kommunen vi skal slå oss saman med - kva gjer vi då?

Følg videorettleiaren likevel. Partiportalen tek høgde for dette, men ein må gjennom samanslåingsrutinen for å få oppretta det nye partileddet i den nye samanslåtte kommunen.

  • Kan partiet videreføre eksisterande partiledd i portalen for den nye kommunen?

Nei. Kommunen har fått nytt kommunenummer; mange har også nytt fylkesnummer - begge deler er i identifikatoren portalen brukar for å identifisere kvart unike partiledd. Fortset ein med gammal parti-ID vil ein etterkvart økonomirapportere på feil identifikator i Altinn.

  • Vi har oppdatert partiopplysningar i Brreg. Går desse automatisk over i partiportalen?

Berre partileiar. Det er heller ikkje krav om registrering/organisasjonsnummer for partiledd i Brreg - løysinga vert derfor ikkje god, så vi må be partiet oppdatere opplysningane i partiportalen også. Portalen krev også litt andre opplysningar enn utfyllinga i Brreg.

  • Må ein oppdatere vidare på dei gamle partiledda etter samanslåing?

Etter at partileddet har utført si økonomirapporteringsplikt er det ikkje lenger naudsynt å oppdatere partiopplysningar - partileddet kan slik sett settast inaktivt i portalen. Fylkesmannen vil rydde i populasjonen etterkvart som partiledd slår seg saman og kommune-/fylkessamanslåingane vert ferdige.

  • Kan ein gjenbruke organisasjonsnummer?

Ja, og det er anbefalt av SSB. Gjenbruk av organisasjonsnummer frå eit av dei tidlegare kommunepartia gjer at rapporteringa kan gjerast samla i ein rapport for det nye og gamle partileddet om organisasjonsnummer vert vidareført/gjenbrukt. Dette gjeld uansett tidspunkt på året samanslåinga skjedde. Vi minner om at for dei kommunepartiledd som leggast ned og om orgnr ikkje blei gjenbrukt må det rapporterast særskilt i eigen rapport for perioden 1.1. og fram til verknadsdato for samanslåinga.

Publisert: 04.11.2016 Sist endra: 04.11.2016