Facebook| Twitter Skriv ut

Kvifor må eg bekrefte partiopplysningane kvart år?

Partia søkjer om statstilskot éin gong per valperiode. Det er likevel slik at partia kvart år må logge seg inn på Partiportalen og bekrefte partiopplysningane.

Det er partilova som krev at partia kvart år må bekrefte

  • kva bankkonto utbetalinga skje til
  • namn på kontoinnehavar og kven som har rett til å disponere kontoen

Statstilskotet blir ikkje utbetalt før partiet har bekrefta desse opplysningane.

Publisert 04.10.2016 Sist endra 04.10.2016