Facebook| Twitter Skriv ut

Korleis søkjer eg om statsstøtte på vegner av partiet mitt?

Dersom du er ansvarleg eller kontaktperson for eit parti, kan du søkje på vegner av partiet. Søknad om partistøtte skjer elektronisk via Partiportalen. Alle som skal søkje om partistøtte, eller som skal stadfeste opplysningar på vegner av ein politisk partiorganisasjon, må logge seg på Partiportalen.

Elektronisk ID
Partiportalen er ei offentleg teneste som krev innlogging via ID-porten. For å bruke tenesta må du ha ein elektronisk ID, alternativa er MinID, BankID på mobil, BankID, Buypass eller Commfides. Ein elektronisk ID er viktig for å stadfeste at du er den du gir deg ut for å vere.

Førstegongs innlogging
For å få tilgang til Partiportalen, må du ha ei rolle som ansvarleg eller som kontaktperson for partiet. Klikk på «Logg på Partiportalen», og be om ei rolle ved å følgje rettleiinga på skjermen.

Når du har fått e-posten som stadfestar at du har fått tildelt ei rolle, kan du logge på systemet på nytt. Du får då tilgang til data for den aktuelle partiorganisasjonen og kan søkje om partistøtte, bekrefte og endre opplysningar som t.d. namn, adresse og kontonummer.

Publisert 04.10.2016 Sist endra 04.10.2016