Facebook| Twitter Skriv ut

Korleis blir tilskotet utrekna?

Ordninga med statstilskot har heimel i partilova. Stemmer og mandat oppnådd ved sist val avgjer storleiken på tilskotet til eit parti. Tilskotet er delt i grunnstøtte og partistøtte.

Grunnstøtte:
Kommunal- og moderniseringsdepartementet fastset kvart år storleiken på grunnstøtta til partia. Alle parti som fekk minst 4 prosent av stemmene i kommune- og fylkestingsval, eller som fekk minst ein representant vald inn i kommunestyret/fylkestinget ved siste val, kan få støtte.

Stemmestøtte:
Kommunal- og moderniseringsdepartementet fastset kvart år storleiken på stemmestøtta til partia. Stemmestøtte blir gitt som ein fast sum for kvar stemme partiet fekk ved siste kommune- eller fylkestingsval.

 

Du kan sjå nærmare informasjon om satsar for grunn- og stemmestøtte her.

Publisert 04.10.2016 Sist endra 04.10.2016