Facebook| Twitter Skriv ut

Korleis bekreftar eg opplysningane til partiet mitt?

Du må logge inn på Partiportalen for å bekrefte eller endre opplysningane til partilaget ditt. Hent opp søknadsskjemaet, og gå gjennom opplysningane som er registrerte om partiet. Dersom opplysningane er endra sidan sist, legg du inn rett opplysningar før du trykkjer «Send inn».

Spesielt for felleslister
Den som er ansvarleg eller kontaktperson for ei fellesliste, må kvart år logge inn og bekrefte opplysningane for felleslista. I tillegg må kvar enkelt av dei politiske partia som inngår i felleslista, også bekrefte partiopplysningane i Partiportalen. Utbetalinga av statstilskot skjer direkte til felleslista.

Publisert 04.10.2016 Sist endra 04.10.2016