Facebook| Twitter Skriv ut

Kommunesammenslåing er planlagt, men når kan partiledda slå seg saman?

Partiledd kan slå seg saman før kommunesamanslåing er iverksett.

To eller fleire kommunar kan søkje Kommunal– og moderniseringsdepartementet om å slå seg saman. Stortinget eller Kongen i statsråd gjer vedtak om kommunesamanslåing. Nasjonalt vedtak fastset dato for iverksetjing av kommunesamanslåing.

Partiledd i samanslåingskommunane kan slå seg saman frå den datoen Stortinget har fatta vedtak om kommunesamanslåing.

Døme:
Kongen i statsråd gjorde vedtak om å slå saman Tjøme og Nøtterøy i Vestfold 18.03.2016. Iverksetjingsdatoen vart sett til 01.01.2018. I dette tilfellet kan partiledd i dei to kommunane (Nøtterøy og Tjøme) slå seg saman frå 18.03.2016. Det nye partileddet kan søkje om statstilskot i 2016 og 2017. Tilskotet blir utrekna som om dei gamle partia søkte kvar for seg. Dersom partiledd ikkje slår seg saman, søkjer dei "gamle" partiledda som tidlegare.

Du kan lese meir om temaet i Partilovemnda sin tolkingsuttale.

Publisert 04.11.2016 Sist endra 04.11.2016