Rapportere til SSB

I følgje Partiloven  kap. 4 skal registrerte politiske parti rapportere om økonomi til Statistisk Sentralbyrå (SSB) innan 1. juni kvart år.

Parti med minst 12 000 kroner i inntekter utenom offentlig støtte, skal rapportere fullt regnskap. Parti med inntekt mindre enn 12 000 kr utenom offentleg støtte kan avgje ei eigenerklæring om økonomien.

For å rapportere logger du deg på partiportalen, går til statussida til ditt partiledd, noterer deg ned ID og passord og trykker på direktelinken til Altinn-rapporteringsskjema. Ta kontakt med Statsforvaltaren i Vestland om du treng hjelp til å finne fram.