Facebook | Twitter Skriv ut

Søke partistøtte

Registrerte politiske parti kan søkje om statstilskot. Dersom du er ansvarleg eller kontaktperson for eit parti, kan du søkje om partistøtte på vegner av partiet. Søknad om partistøtte skjer elektronisk via Partiportalen.

Dei politiske partia må søkje om partistøtte éin gong i valperioden og deretter bekrefte opplysningane kvart år. Storleiken på tilskotet blir fastsett ut frå siste valresultat.

De får tilgang til Partiportalen via ID-porten. Det er fleire måtar å logge på der, m.a kan de bruke MInID, BankID, Buypass eller Commfides. Mest vanleg metode er MinId og BankID. For å logge inn med MinID treng de: fødselsnummer, personleg passord og PIN-kodebrev, eller kode på SMS.

Publisert: 22.12.2015 Sist endra: 22.12.2015