Facebook | Twitter Skriv ut

Rapportere valgkampbidrag

Parti og partiledd kan ta i mot gåver og støtte frå privatpersoner og frå føretak og organisasjonar som ikkje er styrt av det offentlege. I valår har partia ei særskilt plikt til å rapportere om bidrag over 10 000 kroner som er mottekne i perioden 1. januar og fram til fredag før valdagen.

Valkampbidrag er alle bidrag gitt til politiske parti og partiledd frå privatpersonar, kommersielle føretak, arbeidslivsorganisasjonar og andre organisasjonar, foreiningar og/eller andre ikkje-offentleg eige aktørar (givarar). Dette gjeld og om en gjev bidraget regelmessig etter avtale – til dømes «partiskatt» frå eigne medlem, månadsbidrag mv. Motivet til å gje bidrag har heller ikkje noko betyding etter lova. Valkampbidrag skal rapporterast ved hjelp av skjema RA-0720 i Altinn.

Partia og partiledda må rapportere om bidrag i valår berre dersom

  • bidraget/a er mottekne mellom 01.01. og siste fredag før valdagen i eit val-år
  • eit eller fleire bidrag frå ein og same bidragsytar overstig 10 000 kroner til saman

Merk at

  • bidraga kan være gitt i pengar, varer, tenester, utlån, rabattar eller på anna måte
  • det/dei kan være gitt av privatpersonar, kommersielle føretak, arbeidslivsorganisasjonar og andre organisasjonar, foreiningar og/eller andre ikkje-offentleg eige aktørar (givarar)
  • lån på ikkje-kommersielle vilkår reknast og som rapporteringspliktige valkampbidrag (sjå nærare om dette under definisjon av valkampbidrag)
  • overføringar frå eigen partiorganisasjon er ikkje valkampbidrag

 

Partiet eller partileddet skal rapportere inn slik støtte seinast fire veker etter at bidraget vart motteke. Bidrag som er motteke etter 11. august 2017, skal rapporterast seinast innan 8. september.
Dersom partiet får fleire bidrag frå same bidragsytar må partiet oppdatere den samla summen etter kvart.

Slik rapporterar du valkampbidrag

Pass på at du har klar parti-ID for partiet eller partileddet du skal rapportere for. For å finne ID-en til partiet ditt, logg deg inn på partiportalen eller sjå etter på eige parti i parti-ID-liste som du finn i høgre margen på denne sida. Skjema RA-0720 finn du i Altinn.

Gjer bruk av rettleiinga rapportere valkampbidrag, bokmål eller nynorsk, for å leite opp skjema, fylle det ut og sende det inn.

Kort tid etter du har rapportert valkampbidrag, vil Statistisk sentralbyrå be deg stadfeste at opplysningane er riktige. Deretter blir opplysningane gjort tilgjengelege på nettstaden www.partifinansiering.no.

Heimel

Partiloven §§ 18 fjerde ledd, 19 andre ledd bokstav i til m og tredje og fjerde ledd samt forskriften §§ 2-1 og 2-1, sjå Partilova kapittel 4.


Gå til:

Publisert: 16.12.2016 Sist endra: 19.04.2017