Facebook | Twitter Skriv ut

Om oss

Alle registrerte politiske parti, inklusiv tilhøyrande ungdomsorganisasjonar på fylkes- og landsplan, kan søkje om statstilskot. Ordninga med statstilskot har heimel i partilova. Stemmer og mandat oppnådd ved sist val avgjer storleiken på tilskotet. Partia søkjer elektronisk om tilskot via Partiportalen. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har ansvar for utbetalingsløysinga, medan Statistisk sentralbyrå samlar statistikken om partiinntektene. Systema vi brukar, er utvikla med tanke på å hindre korrupsjon.

På nettstaden Partistøtte.no har vi samla aktuell informasjon til dei politiske partia. Nettstaden bidreg dessutan til å sikre openheit om finansieringa av dei politiske partia, noko som i sin tur kan motverke korrupsjon og uønskte bindingar.

Fram til 30. desember 2016 blir søknader om partistøtte saksbehandla av fylkesmannen i det fylket partiet søkjer frå. Frå 1. januar 2017 har Fylkesmannen i Sogn og Fjordane hovudansvaret for saksbehandlinga av statstilskot til kommune- og fylkespartia. Søknader om statstilskot til dei nasjonale partia (morpartia) blir behandla av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet fastset satsane for statstilskot til dei politiske partia. Partilovnemnda er klageinstans.

Publisert: 05.10.2016 Sist endra: 05.10.2016