Facebook| Twitter Skriv ut

Teknisk feil ved signering i Altinn

Feilen gjeld kun personar som aldri har vore inne på Altinn før.

Det har blitt oppdaga at dei som skal signere rapporteringsskjemaet, må ha vore pålogga i Altinn minst ein gong før den som fyller ut skjemaet hentar det opp på sin PC. Elles vil fødselsnummeret vere ukjent for Altinn.

Om de legg til ein person i signeringsspørsmålet (spm 44), som ikkje har vore inne på Altinn, vil dette resultere i teknisk feil. Dei som ikkje har vore inne på Altinn, må logge seg på Altinn med fødselsnummer og bankID/MinID/etc. Dette må vere ordna før «utfyllaren» hentar opp skjemaet via Partiportalen og Altinn.

Publisert 12.05.2017 Sist endra 12.05.2017