Facebook| Twitter Skriv ut

Informasjonsmøte for politiske parti

Politiske parti over heile landet blir invitert til informasjonsmøte om statleg partistøtte og rapportering. Partia kan velje mellom møte i Alta, Tromsø, Trondheim, Bergen, Stavanger, Kristiansand og Oslo.

 

Alle registrerte politiske parti, inklusiv tilhøyrande ungdomsorganisasjonar på fylkes- og landsplan, kan søkje om statstilskot til politiske parti. Partia søkjer elektronisk via partistøtteportalen. Dei regionale møta om partistøtte er eit samarbeid mellom Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Statistisk sentralbyrå, Partilovnemnda og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Målgruppe for informasjonsmøtet er kommune- og fylkesparti, sentrale parti og ungdomsorganisasjonar på fylkes- og landsplan. Også felleslister som søkjer støtte kan møte.

Sakliste for møtet:

  • Åpning og velkommen ved Statistisk sentralbyrå (SSB)
  • Innledning ved Kommunal- og moderniseringsdepartementet
  • Rapportering i 2017 (årets erfaringer, rapport for 2016, valgkampbidrag 2017) ved SSB
  • Lunsj
  • Søknad om og utbetaling av statstilskot ved Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
  • Partilovnemndas arbeid, oppsummering for 2015 og kva skjer i 2016  ved Partilovnemnda
  • Avslutning og oppsummering ved SSB

Arrangørane legg opp til at deltakarane kan stille spørsmål, eller ta opp tema som er viktige sett frå partia si side.


Tid og stad:

Dato                    

Møtestad
9. november Alta Thon Hotel Alta, Fogdebakken 6
10. november Tromsø Clarion Hotel With, Sjøgata 35-37
11. november Trondheim Scandic Nidelven, Havnegata 1-3 
22. november Bergen Clarion Hotel Bergen Airport, Flyplassvegen 551, Blomsterdalen
23. november Stavanger Scandic Stavanger Park, Prestegårdsbakken 1
24. november Kristiansand Clarion Hotel Ernst, Rådhusgata 2
25. november Oslo SSB, Akersveien 26


Alle møta startar kl 10.00 og sluttar ca. kl 14.00. Det vert servert lunsj.

Vi ser gjerne at partia sender møtedeltakarar som kan rettleie vidare på ulike nivå i partiorganisasjonen sin. Reisekostnader må partia dekke sjølve. Vi ber om påmelding via elektronisk skjema innan 21. oktober.

 Påmeldinga er no stengt.

Ta kontakt på fmsfpolitiskeparti@fylkesmannen.no for endring av påmelding.

Publisert 16.08.2016 Sist endra 05.09.2016