Facebook| Twitter Skriv ut

Informasjonsmøte for politiske parti

Politiske parti over heile landet blir invitert til informasjonsmøte om statleg partistøtte og rapportering. Partia kan velje mellom møte i Vadsø, Tromsø, Bodø, Trondheim, Ålesund, Bergen, Stavanger, Kristiansand og Oslo.

Alle registrerte politiske parti, sentralt og på fylkes- og kommunenivå og tilhøyrande ungdomsorganisasjonar kan søkje om statstilskot. Partia søkjer elektronisk via partiportalen. Alle parti og partiledd har plikt til årleg å sende inn økonomirapport til Statistisk sentralbyrå (SSB). Dette skjer best via partiportalen. I valår er det ein særskilt plikt til løpande å rapportere bidrag motteke fram til og med siste fredag før valdagen.

Målet med dei regionale møta er å gi rettleiing om innhald og dei tekniske løysingane, som er etablert for at parti og partiledd kan ivareta sine rettar og oppfylle plikter etter partilova. Det er ei klar målsetjing å få innspel og synspunkt direkte frå partia om korleis dette systemet kan gjerast så effektiv og enkelt som mogeleg. Det vil bli informert om aktuelle saker som angår partia.

Desse møta er eit samarbeid mellom Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD), SSB, Partilovnemnda (PLN) og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane (FMSF).

Deltaking, inkludert lunsj, er gratis. Det kan gjerne komme fleire frå eit einskild parti til kvart møte. Partia dekker sjølv reisekostnader.

Vi ønskjer alle hjarteleg velkommen!

Sakliste for møtet:

Opning og velkommen (SSB)

  • Innleiing - orientering om viktige saker (KMD)
  • Om rapportering i 2016 og planlagte justeringar av skjema, valkampbidrag (SSB)
  • Ny versjon av nettsida partifinansiering.no (SSB, FMSF)
  • Lunsj
  • Søknad om og utbetaling av statstilskot, partiportalen.no (FMSF)
  • Kommunereform/sammenslåingar - konsekvensar for rapportering og partistøtte (SSB, FMSF)
  • Partilovnemndas arbeid, oppsummering for 2016 og kva skjer i 2017 (PLN)
  • Avslutning og oppsummering (SSB)

Vi legg opp til at deltakarane kan stille spørsmål eller ta opp tema som er viktige for partia.

Tid og stad:

Dato Møtestad
7. november  Vadsø Scandic Hotel, Oscars gate 4
8. november  Tromsø Clarion Hotel With, Sjøgata 35-37
9. november  Bodø Scandic Havet, Tollbugaten 5
10. november  Trondheim Scandic Nidelven, Havnegata 1-3
20. november  Ålesund Scandic Parken, Storgata 16
21. november  Bergen Clarion Hotel Bergen Airport, Flyplassvegen 551,  Blomsterdalen
22. november  Stavanger Scandic Stavanger Park, Prestegårdsbakke 1
23. november  Kristiansand Clarion Hotel Ernst, Rådhusgata 2
24. november  Oslo SSB, Akersveien 26

 

Alle møta startar kl 10.00 og sluttar ca. kl 14.00.

Elektronisk påmelding innan 20. oktober.

Spørsmål kring informasjonsmøta sendast til fmsfpolitiskeparti@fylkesmannen.no.

 

Påmeldingsskjema:
(ikkje bruk merknadsfeltet til ekstra påmelding, bruk påmeldingsskjema)

Publisert 18.08.2017 Sist endra 18.08.2017

Møtestad:
Velg stad og tid *