Facebook| Twitter Skriv ut

Brot på frist for å rapportere bidrag i valet 2017

Fleire parti og partiledd har brote fristen for å rapportere bidrag motteke ved valet i 2017.

Alle parti og partiledd er ifølgje lova § 18 nr. 4 pliktig til å rapportere bidrag over 10 000 kroner motteke i perioden 1. januar til og med siste fredag før valet. Partilovnemnda har så langt vedteke å gje 10 parti eller partiledd ein formell åtvaring for desse brota. Eitt parti – Miljøpartiet Dei Grøne - fekk avkorting i partistønaden for 2017 då dei hadde ein aktiv formell åtvaring frå eit tidlegare høve (ein omgjeringsbegjæring om å oppheve vedtak om formell åtvaring ligg føre i frå Aust-Agder Venstre).

Sjå dei enkelte vedtaka

Publisert 08.09.2017 Sist endra 08.09.2017